Tomm Kristiansen frå NRK om flyktningar og Afrika i Herøy kyrkje søndag kveld.
Tomm Kristiansen blir å høyre i Herøy kyrkje søndag kveld. Han er etter kvart blitt ei av dei mest kjende røystene i NRK. Dei fleste tenkjer på Tomm Kristiansen som Afrika-kjennar etter mange år som «vår mann» i Afrika. Han har også gjeve ut fleire bøker om dette store og spennande kontinentet. Han har vore utanriksredaktør i NRK, og arbeider nå som programleiar, m.a. i «Dagsnytt 18».
Komande søndag kveld er han gjest i Herøy kyrkje. Der vil han snakke om flyktningesituasjonen i dag, m.a. på bakgrunn av erfaringane sine i møte med framande kulturar som NRK-reportar og som kommunikasjonsrådgjevar for presidenten i Sør-Sudan. Han vil også fortelje om kjærleiksforholdet sitt til Afrika, og om korleis livserfaringane har prega gudsbiletet hans. Norunn Stendal Aksnes leier samtalen.
Gruppa «Jazz og Koral» frå Ulsteinvik, med Ståle Helvig som leiar, er musikalske gjester. Fem musikarar og ein vokalist har sidan 2007 markert seg med kjend musikk i nye fargar og tolkingar, og dei har hatt kyrkjekonsertar med suksess på heile Søre Sunnmøre.
Seniorprest Bjørn Leinebø er liturg, kantor Dag Johan Flattun sit ved orgelet og Alette Teige leier kveldsmessa.