Home » KONFIRMASJONSGUDSTENESTER I HERØY, INDRE HERØY OG LEIKANGER KYRKJE

KONFIRMASJONSGUDSTENESTER I HERØY, INDRE HERØY OG LEIKANGER KYRKJE

KONFIRMASJONSGUDSTENESTER I HERØY, INDRE HERØY OG LEIKANGER KYRKE 

I år har vi hatt den store gleda av å bli kjende med mange kjekke ungdommar.

Å konfirmere seg hos oss vil seie at dåpen blir bekrefta. Dåpen er Guds gåve til oss og er eit synleg teikn på Guds kjærleik og at den døypte er ein del av kyrkja. I konfirmasjonen blir det understreka at alle er like verdifulle i Guds auge, og at Gud bekreftar sine løfter slik dei blei gitt ved dåpen.

Dei som er med no på søndag i Herøy kyrkje er prest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo, kantor Dag Johan Flattun. Her kan vi glede oss til to songar med Andrine Berge.

På søndag er det to Konfirmasjonsgudstenester i Leikanger kyrkje. Dei som er med her er prest Rolf Schanke Eikum, kyrkjelydspedagog Karoline Husøy Kopperstad, organist Gunnar  Elveseter. Her kan vi og glede oss til solosong. I Leikanger kyrkje er det Sæmund Helde som vil synge for oss. Konfirmantgudstenestene i Indre Herøy kyrkje og dei resterande i Herøy kyrkje er neste helg.