Søndag føremiddag vert det innhaldsrike gudstenester. I Herøy kyrkje vert det ei konfirmasjonsgudsteneste for 4 konfirmantar og deira familier og gjestar. Dei andre konfirmantane ventar med konfirmasjonen til september. Dei som skal konfirmerast er:
Ver-Daniel Sta. Maria Nilsen
Birk Sævik
Veronica Pedersen Vedvik
Karoline Othelie Åsberg
På søndag blir det song av May-Linn Andersen, musikk ved organist Dag Johan Flattun.
Fung. sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedagog Karoline Husøy Kopperstad med fleire deltek i festgudstenesta som ein konfirmasjon alltid er.
Offeret går til ungdomsarbeidet.
Parallelt vert det ei jubileumsgudsteneste i Indre Herøy kyrkje. Det vert markering av at Myrvåg NMS-foreining fyller 150 år dette året. Vikarprest Kjell-Roger Isene, organist Georg Notøy med fleire frå misjonsforeninga deltek.
Offeret går denne gongen til Misjonsprosjektet på Madagaskar, og Johanne Leinebø orienterer om arbeidet. Det blir nattverd i gudstenesta. Vi har eit godt smittevern i alle kyrkjene våre, og dei fyrste 50 personane får plass. Kom gjerne noko før pga namneregistrering. Vel møtt.
Arr.: Den Norske Kyrkja i Herøy»
