Søndag føremiddag vert det konfirmasjonsgudsteneste i Leikanger kyrkje for 2 konfirmantar og deira familiar og gjestar. Dei andre konfirmantane ventar med konfirmasjonen til september. Dei som blir konfirmert i Leikanger kyrkje er:
Brage Baade Hasund
Adrian Husøy
Song av Brigitta Hauge, musikk ved organist Dag Johan Flattun.
Fung. sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo med fleire deltek i festgudstenesta som ein konfirmasjon alltid er. Gudstenesta blir streama direkte på facebooksida til Leikanger Kyrkje MR.
Parallelt vert det ei gudsteneste i Herøy kyrkje med to dåp og nattverd. Vikarprest Kjell-Roger Isene, organist Georg Notøy deltek. Vi er no komen til sjette søndag i påsketida og gudsordet handlar om Guds familie og om Guds born som søkjer sin Gud.
Offeret går denne gongen til Wycliffe sitt arbeid med omsetjing av Bibelen. Vi har eit godt smittevern i alle kyrkjene våre, og dei fyrste 100 personane får plass. Kom gjerne noko før pga namneregistrering. Vel møtt.
