
Etter nok ei fantastisk helg med konfirmasjonar er vi klare for å konfirmere desse 5. Det skjer på laurdag klokka 11.00. Vi gler oss til å feire dei i lag med familie, fadrar og vener i ei flott markering i kyrkja på laurdag.
Konfirmantar – Herøy kyrkje11.09.2021 kl 11.00
Selma Lande Berge
Alexander Jhima Kvalsvik
Eskil Steinsvik
Martinus Sævik
Celina Andersen Voldsund
Dei som er med i Herøy kyrkje er prest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo, kantor Dag Johan Flattun. Her kan vi glede oss til to songar med May Linn Andersen Tonev. Andre som er med og spelar er Roar Berge og Anton Tonev.
Diverre er ikkje samfunnet opna opp nok til at vi kan invitere alle. No er det berre konfirmantane og deira gjester som kan kome, samt dei som deltek med oppgåver på Gudstenesta.