Home » Karrierekvinne frå Kopperstad  i Herøy kyrkje søndag kveld.

Karrierekvinne frå Kopperstad  i Herøy kyrkje søndag kveld.

 

solveig-bratseth-3Solveig Kopperstad Bratseth kjem “heim til sine eigne” søndag kveld. Ho er invitert som gjest til kveldsmessa i Herøy kyrkje, og ho seier at ho gler seg. Som namnet antydar, vaks Solveig Kopperstad Bratseth opp på Kopperstad i Ytre Herøy,  ho er dotter til Anna og Mons Kopperstad, ho er gift med bror til Rune Bratseth og ho bur i Trondheim. Ho har gjort karriere både som politikar og som organisasjonsleiar. Ho er for tida nestleiar i Norsk Sjukepleiarforbund attåt at ho i to periodar var første vara til Stortinget frå Trøndelag for Krf.

 

Søndag kveld stiller ho til samtale med Martin Endresen i Herøy kyrkje. Der vil ho fortelje både om oppveksten, m.a. på Nerlandsøy bedehus,, og om utfordringane ho møter som profilert toppleiar i ein stor organisasjon.

 

Koret Kvit Sektor stiller opp med song. Kvit Sektor har tilhald på Berge Bedehus. Dei har i ei årrekkje gledd forsamlingar i ymse samanhengar med frisk, kristen song. Bjørn Leinebø er liturg, Dag Johan Flattun sit ved orgelet og Ole Arild Bø leier kveldsmessa.

 

Som vanleg i kveldsmessene blir det rikeleg med salmesong, og under kyrkjekaffien etterpå blir det høve til å sjå seg om i den nyinnreidde underetasjen i kyrkja.