Tradisjonen tru held vi innsamling og utdeling av gåver og mat til jul – Laurdag 18.desember – til glede for folk i nærområdet
Det er behov for all slags mat og gåver/gåvekort til barn og vaksne i alle aldrar. Merk gåver med innhald, alder og kjønn og lever gjerne i tida framover. NB: alle gåver må vere nye/ubrukte. Lever dei gjerne utan innpakning. Handlevogner blir satt ut i butikkane i førjulstida slik at du også kan levere mat der
Vi erfarer at mange har lyst til å bidra med pengar som vi bruker til matkasser. VIPPS gjerne til #557331 (Trekløver Sanitetsforening) eller gi til konto 3905.14.35668. Merk med Juleglede.
Tusen takk for at du som privatperson eller bedrift ønsker å bidra til å spre juleglede! Vi er heilt avhengig av givarglede frå dokke for å kunne hjelpe alle.
Ta kontakt med diakon Ragnhild Danbolt Øygard (41860784) om du ønsker å benytte deg av tilbodet eller om du kjenner nokon som kan trenge litt ekstra juleglede. Alt blir behandla konfidensielt. Frist for påmelding er satt til 11.desember.
Opningstider i desember på Klede til Glede er tirsdag, torsdag og fredag kl. 12.00-16.00.
Ver gjerne med og spre ordet så når vi ut til fleire saman og kan glede nokon som treng det til jul
