Home » Internasjonal sommarfest under Fosnavågveka

Internasjonal sommarfest under Fosnavågveka

Kyrkjene i Herøy har også i år slått seg saman for å lage ei storfamiliegudsteneste som i år blir utvida med ein internasjonal sommerfest i tett samarbeid med Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule. I tillegg kjem det storfint besøk av Ragnhild Hiis Ånestad og gruppe frå Oslo Soul Children. Saman med arrangørane ser vi fram til at parken fylles opp med mykje menneske til storfamiliegudsteneste, aktivitet og leik. På storfamiliegudstenesta vil også Gurskøy Soul Children delta, medan song og musikk vert leia av Geir Idar Knotten m/band.

Når kyrkjene, Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule går saman om internasjonal sommarfest er målet å samle ung og gamal, frå heile verda, til ein festdag. Det vert sceneinnslag frå ulike deler av verda, mat frå ulike delar av verda og sjølvsagt den tradisjonelle kyrkjekaffien, i tillegg til masse konkurransar, leikar og aktivitetar.

11406299_1049018298441746_1501518710895147753_o