Home » I Herøy kyrkje søndag kveld

I Herøy kyrkje søndag kveld

Inga Goksøyr og Herøy kyrkjekor

 

Inga Goksøyr er kveldsmessegjest i Herøy kyrkje komande søndag. Inga har vore ein sentral person i lokalsamfunna på Ytre Søre dei siste 30-40 åra. Ho har drive blomsterbutikk og gravferdsbyrå i både Herøy og Sande, og har såleis kome tett på folk i både glede og sorg. Ho er kjend som ei frittalande kvinne med klare meiningar, og søndag kveld vil ho fortelje om livet sitt i samtale med Olgunn Torvanger.

 

Herøy kyrkjekor er musikalske «gjester». Dei stiller stadig opp i gudstenester i «heimekyrkja» si, men denne gongen deltek dei for første gong i kveldsmessa. Dei er berre så vidt komne i gong med eit nytt semester med Dag Johan Flattun som leiar, dei er framleis opne for nye songkrefter og deigler seg til å bidra med god korsong søndag kveld.

 

Kveldsmessa vert leia av Gunnar Sævik, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orglet.

 

Inga Goksøyrkor2014b