Herøy er ein kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. Her er ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet, i tillegg er det eit aktivt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning.
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.
Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer
Kateket / Kyrkjelydspedagog
Det er ledig 100% fast stilling som kateket / kyrkjelydspedagog i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.08.2023
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for all undervisning i sokna
- Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
- Leie og utvikle konfirmasjonsarbeidet saman med andre tilsette.
- Ansvarleg for samarbeid mellom kyrkje og skule/barnehagar
- Vidareutvikle gudstenester retta inn mot barn- og unge i samarbeid med andre tilsette
- Ansvar for trusopplæringsutvalet og rekruttering av frivillige medarbeidarar
- Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid for barn og unge i samarbeid med andre tilsette og frivillige
Kvalifikasjonar
- Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja
- Søkjarar som har høgare utdanning innan pedagogikk eller teologi vil også bli vurderte. Det er då ønskeleg at ein er villig til å forplikte seg på vidareutdanning i kyrkjeleg undervisning medan ein jobbar.
- Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
- Erfaring med arbeid blant barn og unge og eit sterkt engasjement for denne målgruppa
Personlege eigenskapar
- Har gode pedagogiske evner og kan jobbe sjølvstendig og i team
- Har evne til å organisere, arbeide målretta og strukturert
- Er initiativrik, ser moglegheiter og er løysingsorientert
- Gode evner til å formidle
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ein del av dette arbeidet skjer på kveld – og helgetid.
Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.
Fellesrådet vil hjelpe til å skaffe husvære.
Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje på tlf. 70 08 02 60 / 95 13 12 04
Søknad med vitnemål og attestar sendast til
Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg /
kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no innan 12.juni 2023
For meir info, sjå www.heroy-kyrkje.no