Gamle kormedlemmar og Kanskje-Vi-Skulle-Bli-medlemmar er med dette invitert til koroppstart onsdag f.k. i kyrkja kl 19.30!
Det siste vi gjorde før ferien var dagsturen til Grodås og Randabygd. Det var jo berre heilt utruleg flott – alle dei flotte menneska vi møtte på vegen, og alt det gode vi fekk oppleve i lag! Ikkje mindre kjekt var det med Rørosturen i fjor.
Det er noe med miljøet i dette koret som gjer glad og trygg – alle vil kvarandre vel!
Så var det samarbeidet med dei i Sande, dei med det klingande namnet Sande Kantori! Vi kan sjølvsagt ikkje måle oss med dei korkje musikalsk eller på anna måte, men desse to kora har funne tonen og vil ta den oppatt på seinvinteren med nytt samarbeid om konsertane Palmesundag! Og ny tur er alltid tema…
Men vi ville gjerne ha inn friskt blod – no! Uansett alder!
Vi øver i Kyrkja-med-den-heilt-store-korklangen. Kom og ver med oss onsdag, eller ring og spør litt om ting du måtte lure på!
For styret
JTJohnsen