Home » HELGEMESSE I KYRKJENE I HERØY

HELGEMESSE I KYRKJENE I HERØY

heroy-kyrkje-by-nightSøndag er det Helgemesse eller Alle helgens dag i kyrkjene våre med gudsteneste klokka 18 i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje.

Helgemesse er dagen då vi minnast dei som har gått bort og det er dagen då vi særleg kjenner på det såre saknet etter nokon som var oss kjær. Vi inviterer til samlingar i kyrkjene der vi kan stå saman om å minnast dei som er borte, og i fellesskap få søke etter håpet om den evige himmelen!

I gudstenestene denne dagen vert det lystenning for kvar av dei som har gått bort siste året  og det vert musikk og salmar med rom for ettertanke. I Herøy kyrkje vil kyrkjekoret ta del og nokre konfirmantar deltek med lystenning, etter Gudstenesta vert det kyrkjekaffi ved Bergsøy sanitetsforeining.

 

«Vår byrde vil du bære

Og ta vår tyngste vakt.

Du skal beseire mørket

Med kjærlighetens makt.

Vi åpner oss for gledens ord!

Vi ser deg, barn, og hører

Guds hjerteslag på jord»

  1. Ellingsen. Norsk salmebok nr 65