Home » Heimane Våre-kveld med Rune Larsen

Heimane Våre-kveld med Rune Larsen

Rune-9 kopi kopi xFredag 24. april vert det ein ny festkveld i Herøy kyrkje med Heimane Våre. Songaren Rune Larsen deltek for femte gong. I år deltek Larsen med showet ”Frå rockens konge til Kongenes Konge” i samspel med pianist Terje Kleppe. Elles vert det også fleire innlegg, eit kåseri og mange lokale musikalske innslag.

 

Den første Heimane Våre-samlinga vart arrangert for 49 år sidan av den 18 år gamle Per-Arne Lillebø. Fokus for samlingane har vore rusførebyggjande arbeid og dette å styrke dei gode familierelasjonane. Det er ei eiga Heimane Våre-nemnd med Per-Arne Lillebø i spissen, IOGT Vona og Actis Møre og Romsdal som står bak arrangementet.

 

Generalsekretær i legeforeininga, Geir Riise, held kveldens festtale og han skal snakke om dette at ”du” kan gjere ein skilnad for mange. Liv Randi Bjørlykke kåserar og generalsekretær Hanne Cecilie Widnes i IOGT deltek også. Per-Arne Lillebø er festleiar og dottera hans Anne-Marthe Lillebø bidreg med song. Damekoret Lyst frå Volda og Ørsta vert med i lag med koret Kvit Sektor frå Herøy. Vidare har Ørsta Brass ein minikonsert i Herøy kyrkje ein halvtime før festkvelden byrjar.

 

Artisten Rune Larsen har vore i musikkbransjen i 50 år. I Herøy får ein vere med Larsen på ei vandring i hans musikalske liv, frå han stod på scena Scala i Bergen og framførde ein song av Elvis, til han i dag har vitja mange scener og dei fleste stadar i landet.

 

  • Vi vonar at også denne kvelden skal verte ei stor musikalsk oppleving for dei som kjem, og der vi har fokus på dette med ein rusfri livsstil. Vi i arrangementsnemnda ynskjer å rette ein stor takk til alle bidragsytarane og medhjelparane som gjer arrangementet mogleg å gjennomføre. Håpet er at vi på nytt kan oppleve at Herøy kyrkje vert fullsett til endå ein Heimane Våre-kveld, seier Per-Arne Lillebø.