Home » Hausttakkefest for 8-åringar i Kyrkja

Hausttakkefest for 8-åringar i Kyrkja

«O, du som metter liten fugl» – Hausttakkefest kyrkja!

«O, du som metter liten fugl, velsign vår mat O, Gud. Amen»
I mange heimer vert dette verset sunge før ein skal ete saman. Kvifor gjer ein det?
Du som har fylt eller vert 8 år i haust (går i 3.klasse på skulen) er invitert til å lære meir om dette og ikkje minst feire og takke
for alt det gode Gud har skapt og gjev oss. Vi skal ete mat ilag, syngje saman, og høyre ei forteljing frå
Bibelen om då Gud gav mat til israelsfolket i ørkenen.

Kvar og når?  
8-åringar som bur i Indre Herøy og Leikanger sokn er inviterte til samling i Indre Herøy kyrkje tysdag 19. september frå 17:00-19:00

8-åringar som bur i Herøy sokn er inviterte til samling i Herøy kyrkje Onsdag 20.september frå 17:00-19:00. (Datoen er flytta grunna kollisjon med eit anna arrangement i Fosnavåg.) 😉

Påmelding skjer innan 18.september til elise.froyen@heroy-kyrkje.no  eller tlf: 70080260
Om det er noko spesielt vi bør vite om så gje beskjed om dette ved påmelding (allergier, behov for tilrettelegging osv.)
Foreldre/føresette er hjarteleg velkomne til å vere med på samlinga!