Myldrekveld tysdag 09.juni kl 20.00
Vi skal fylle den nye kyrkjekjellaren med aktivitar for store og små, gamle og unge!
Alle er hjarteleg velkomne til å kome med innspel og forslag til gode aktivitetar.
Tysdag 9.juni har vi ei samling der vi let vyane og forslaga få fritt spelerom.
Vi startar klokka 20.00 med ein god kveldsmat.
Dei unge er kyrkja si framtid. Soknerådet har fått signal om at unge familier saknar eit fellsskap i kyrkja – og det er noko vi i samarbeid kan gjere noko med!
Det er dette vi ynskjer mest av alt: at unge barnefamilier skal finne sin plass og byggja eit fellesskap i kyrkja! No er sjansen der til å koma med idear om korleis dette kan realiserast og vi håper at mange set av kvelden til eit spanande samarbeid om kyrkja vår!
Det er viktig at alle generasjonane bruker kyrkja og vi håper at vi kan møtast på tvers av alder og kjønn- her er alle like viktige og vi ynskjer at der skal vere tilbod til alle aldersgrupper.
Hjarteleg velkomne er de!