Sommaren er på hell, og i Den Norske Kyrkje starter vi opp igjen med to gudstenester samtidig kvar søndag igjen. Komande søndag føremiddag er det i Herøy kyrkje og i Leikanger kyrkje.
I Leikanger kyrkje vert det ei gudsteneste med dåp ved vikarprest Kjell-Roger Isene, i høve NMS sitt områdestemne på Kjeldsund med taler frå NMS: Paul Kristian Hovden. Denne gudstenesta er open for alle. Samtidig vert det gudsteneste med nattverd i Herøy kyrkje, ved Rolf Dyrhol som er vikarprest og godt kjend i Herøy gjennom kona hans som er herfrå. Vi held godt smittevern i kyrkjene våre, og alle er velkomne. Kom i god tid, for det tar noko tid å registrere alle namn på veg inn i kyrkjeromet.
