Idet påsketida går mot pinse, har vi ein viktig festdag i vårt kyrkjeår. No på torsdag skal vi feire Kristi himmelfart. Denne dagen vert vi minna om Han som, etter å ha avgrensa seg til å vere ein blant oss, no er opphøgd til å vere med oss over alt.-I Herøy kyrkje kl 11.00 samlast vi til gudsteneste med Rolf Dyrhol som prest og Dag Johan Flattun ved orgelet. Eit barn skal berast til dåpen og det blir utdeling av gåvene frå nattverdbordet.-I Indre Herøy vert det samling i friluft, nærare bestemt på “Kvia” ved Moltufjellet. Kjell-Roger Isene forrettar ei forenkla gudsteneste med tonefylgje. Ta gjerne med noko høveleg å sitje på og noko til ei lita matstund etter gudstenesta. Vermeldinga viser overskya ver, men ikkje regn, så dette kan verte ei god stund ute saman med andre!Vel møtt til samling i Guds hus og under Guds himmel!

