-Nyttårsaftan 31.des KL 23.00-23.45 vert det ei felles midnattsgudsteneste og det nye året ringast inn.
Liturg er sokneprest Solfrid Leinebø Seljås
Talar er Erhard Hermansen
Musikalsk ansvarleg er Ann Kristin Frantsen
Klokkar er Ingrid Warholm
Du er hjarteleg velkomen til midnattsgudsteneste!
-1.januar kl 16.00-17.15 vert det ei felles nyttårsgudsteneste i Indre Herøy kyrkje, med fokus på årsskiftet og på Jesu namnedag.
Her får vi også ei helsing frå varaordførar Bjarne Kvalsvik i høve at vi går inn i eit nytt år med eit tilbakeblikk på det gamle året.
Liturg er sokneprest Solfrid Leinebø Seljås
Musikalsk ansvarleg er Dag Johan Flattun
Klokkar og kyrkjetenar er Oddgeir Valen
Du er hjarteleg velkomen til nyttårsgudsteneste!
-Søndag 8.januar kl 11.00 – 12.00 vert det ei felles familiegudsteneste i Herøy kyrkje med juletregong og med fokus på dei tre heilage kongane/dei tre vise menn. Ta med julekaker til felles bord. Hjarteleg velkomen til gudsteneste!
Etter eit krevande og uroleg år på grunn av ein pågåande krig på europeisk jord, vil vi særleg be om fred på jorda i gudstenestene når vi no går inn i eit nytt år