Home » Gudsteneste og konsert i Indre Herøy kyrkje

Gudsteneste og konsert i Indre Herøy kyrkje

Søndag fk 30.april vert Den Norske Kyrkje sitt tilbod i Herøy konsentrert om Indre Herøy Kyrkje som ligg i Stokksund. Det vert gudsteneste om føremiddagen som er open for alle, og som er ei felles gudsteneste for alle tre sokna: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn denne søndagen. 

kl 11 Gudsteneste i Indre Herøy kyrkje.

Det er eit dåpsborn som skal døypast og med det så skal vi henge opp ein dåpsengel til i kyrkja. Engelen vert hengande der som ei påminning om kvart dåpsbarn og så vert alle dåpsfamiliene inviterte tilbake til ei «hente-engel-gudsteneste» neste år. Prest Kjell-Roger Isene leier gudstenesta og Dag Johan Flattun har det musikalske ansvaret. Indre Herøy sokneråd er vertskap og fleire deltek. Det blir elles gode salmar, preike, nattverd og forbøn. Alle er hjarteleg velkomne til gudsteneste.


Om kvelden på søndag 30.april kl 19 vert det invitert til konsert i Indre Herøy kyrkje som er ei god og intim konsertkyrkje. 

Rolf Magne Tømte og fleire frå Knotten-familien har gått saman om ein variert og stemningsfull konsert.  Felles kulturutval i Herøy står som arrangør for denne konserten og du finn meir informasjon om konserten lenger ned her på sida.

Bilettsal: kr 100,- i døra. 

Alle er hjarteleg velkomen til konserten også!