Home » Gudsteneste med dåp 20.02

Gudsteneste med dåp 20.02

Gudsteneste med dåp

Herøy: Søndag føremiddag er det felles gudsteneste for alle dei tre sokna i Herøy: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn på Kristi forklåringsdag. Søndagens tema er dette med å trekke seg tilbake for å be til Gud, noko som mange har praktisert med inspirasjon frå fleire tekster i Bibelen mellom anna søndagens preiketekst frå Lukas 9, 28-36 om Jesus; Peter, Johannes og Jakob som gjekk opp i fjellet for å be. Salmene er alle saman slike som vi kaller «Rop det ut”-songar, dvs at dei sto i songboka «Rop det ut» som mange kjenner frå ungdomstida og bedehusa, eller frå Kjeldsund ungdomsenter. I dag står mange av desse songane i den nye salmeboka som vi no bruker, og søndagens salmer er valgt blant desse. Fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås er liturg, Gunnar Elveseter trakterer tangentene og fleire medvirker i løpet av gudstenesta. Det blir dåp av 2 dåpsbarn, vi skal feire nattverdens sakrament og minnast dei som har gått bort dei siste vekene. Heldigvis har vi ei stor kyrkje å samlast i, for å synge og tilbe Gud saman.  Velkomen frå heile Herøy.