Gudsteneste med 50-årskonfirmantar og søndagsskule
Søndag 21.mai kl 11 vert det gudsteneste i Herøy kyrkje, ei felles gudsteneste for heile Herøy. Dei som vart konfirmerte i 1973 i Herøy kyrkje er spesielt inviterte til denne gudstenesta. Mange av dei er påmeld og fleire kjem reisande langvegs frå for å vere med på jubileet. Dei vil bli presenterte i gudstenesta. Elles får vi solosong av Einar Ørn Einarson, den islandske musikaren og songaren som har slått seg ned i Herøy!
Liturg og predikant er sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, organist er Dag Johan Flattun, klokkar er Ingrid Warholm og fleire medverkar. Denne søndagen er søndag før pinse og Bibeltekstene handler om Talsmannen og Sanningsanden (Joh 15, 26-27).
Det vert SØNDAGSSKULE også dvs at søndagsskuleborna er inne i kyrkjerommet frå gudstenesta startar kl 11 og går ut i eit eige rom saman med søndagsskulelærar etter ca 15 min. Der har dei eit eige opplegg tilrettelagt for born med vekt på Jesusforteljingar.
Etter gudstenesta er det enkel kyrkjekaffi på Kyrkjetorget med høve til å helse på 50-årskonfirmantane også før dei går inn i Kyrkjelydssalen og skal fortsette med eige arrangement frå kl 13. Vel møtt til alle!
