Home » GUDSTENESTE I HERØY KYRKJE

GUDSTENESTE I HERØY KYRKJE

Komande søndag vert det gudsteneste i Herøy kyrkje. Eit barn skal førast til fonten for stadfesting av dåpen. Vi deler ut gåvene frå nattverdbordet. Skriftlesinga for søndagen minner oss om kva ei menneskesjel er verdt og kallet til etterfølgjing. Takkofferet gjev vi til Wycliffe sitt arbeid på Madagaskar. Cecilie og Stephen Thomas, som er tilknytta dette prosjektet, vert tilstades i gudstenesta og orienterer om arbeidet. Forrettande prest er Solfrid Leinebø Seljås og ved orgelet sit Dag Johan Flattun.