Fredrik Græsvik er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore tilsett i TV2 i 20 år, og er ein av TV2 sine mest profilerte reportarar og programleiarar. Han har vore utanrikssjef i kanalen, og har hatt spesielt ansvar for TV2 si Midtausten-dekning. Han har også vore programleiar for ei rekkje suksess-seriar i TV2.
Søndag kveld kjem han til Herøy kyrkje. Der vil han fortelje om opplevingane sine som krigs- og konfliktreportar både i Midtausten og i verda elles, og om kva det har gjort med han som menneske. Han vil også fortelje kva møtet med krig og konflikt har gjort med forholdet hans til Gud. Norunn Stendal Aksnes leier samtalen.
Songgruppa Tolvtetten deltek med song. Frå å vere ei gruppe på tolv unge menn og kvinner som begynte å syngje i lag på åttitalet, har dei utvikla seg til å bli Herøy sitt mest ettertrakta kor. Unni Kvamme er musikalsk leiar i dag.
Bjørn Leinebø er liturg i kveldsmessa, Dag Johan Flattun sit ved orgelet, og etter kveldsmessa er det kyrkjekaffi på kyrkjetorget.