| Konfirmantane tok del i fredagstreffet |
|
|
|
| Skrive av Jørgen Kopperstad | |
| lørdag 20. februar 2010 | |
Fredag 20. Februar var ein finfin kveld for fredagstreffet. Trivelege ungdommar og dyktige konfirmantar gjorde at kvelden fekk eit ekstra preg.Denne kvelden fekk nokre av konfirmantane høve til å hjelpe Birgitta med arbeidet rundt fredagstreffet. Dei tok del i kiosksalet og oppryddinga etterpå. Konfirmantane såg ut til å like arbeidsoppgåvene, og det gjorde og at dei som handla fekk ei munter oppleving.
Natteravnane var òg innom treffet, og dei tok seg tid til ein kopp kaffi og pizza. Ungdommane rundt fredagstreffet set stor pris på at natteravnane brukar tida si på fredagstreffet. |




