Som tidligare vil vi i styret også i 2010 oppdatere heimesida vår med nyhende om kva som vil skje, og kva som har skjedd. Her er ein liten stemningsrapport for fredag 15.01.2010 
Denne kvelden var stappful av gode samtalar og fin musikk. På grunn av at YHU arrangerte juleball på samme dag, var det færre ungdommar på treffet no enn andre kveldar.
Totalt var vel omlag 20-30 innom treffet, spesielt mange frå indre. Dette gleder oss i fredagstreffet, sidan ungdomsklubben absolutt ikkje er meint berre for dei i ytre Herøy, men òg dei frå indre krins.
Fleire av ungdommane fekk høve til å vere med opp i kyrkjerommet og kjenne på stillheita og roa som er der når lyset er av og ingen publikumarar sit i salen. Dette gjorde inntrykk på dei fleste.
Styremøte
Kvelden starta med styremøte. Grunna juleball hjå YHU var to av medlemmane fråværande på dette møtet. Birgitta Skorpen, Christian Remøy, Melissa Nerland og Jørgen Kopperstad var dei som deltok. Det var tatt opp fleire tema, mellom anna skitur til Stranda og ny styreleiar.
Det var vedteke at vi i år som i fjor vil prøve og få til ein skitur rundt februar-mars. Om dette blir, får framtida vise.
Vi snakka òg mykje om kva vi ønskjer å gjere med fredagstreffet i 2010. Nye område vi skal satse meir på, er engasjerte andaktshaldarar og utbetring av kiosken. Om mogleg utbetring avbiljard-rommet.
Når det kom til temaet ny styreleiar, vart det vedteke at Jørgen Kopperstad tek over Christian Remøy si rolle som styreleiar, Merete Kvalsund vert sekretær.
Det skal òg rekrutterast fleire medlemmar til styret. Antalet er førebels ukjent.
|