Home » Frå aust mot nord. Orgelmusikk i Herøy Kyrkje.

Frå aust mot nord. Orgelmusikk i Herøy Kyrkje.

Torsdag 22.05.2014  vert det høve å vera med på ei spanande musikalsk reise i Herøy kyrkje. Michal F. Runowski tek publikum med frå aust mot nord og reisa skal gå til ukjent terreng. Runowski har noe stykkar frå Polen i handa, heimlandet sitt. Han er født i Polen men vaksen opp i Berlin og har utdanning som kantor, konsertorganist og musikkvitar frå Tyskland. Til Noreg kom han fyrste gong allereie i 2008 og har vikariert som kantor på forskjellige plasser. For tida vikarierer han som kantor i Ørsta. Polsk orgelmusikk er mest truleg aldri vorte spelt i Herøy før, og ikkje ein gong namn til komponistar som t. d. Feliks Nowowiejski eller Mieczyslaw Surzynski er kjend i verda. Desto spanande kan vert det å få oppdage noko nytt. Det blir romantisk musikk som skal presenterast, dvs. frå 1800- og fyrste halvparten av 1900-tallet.  Runowski har også vore kantor på Frösön i Sverige en stund. Derfrå tok han med seg musikken av Wilhelm Peterson-Berger, slik at det ikkje skrantar på det skandinaviske i konsertreportoaret. Ein særegen kunstart som gjerne vert praktisert på orgel er improvisasjon, dvs. spontan skapning av musikkstykker heilt utan førebuing, med andre ord musikken er ikkje førehandskomponert men vart forma av utøvaren i det han tek til å spele fritt. Også på dette feltet skal Runowski prøve sine krefter.