Home » Førsteklasses

Førsteklasses

Kjære deg som snart skal begynne på skulen. No er det ikkje lenge att!

Vi i kyrkja har lyst til å invitere deg på ein mini-skule i kyrkja. Vi møtast to gonger på ettermiddagen for å synge, høyre ein historie frå Bibelen og gjøre oppgåver saman. Siste gongen vi møtast skal vi feire at du snart skal byrje på skulen i ei gudsteneste. Vil du kome? 🙂

 

Tid og stad for dei i Ytre Herøy:
– Tysdag 02. og måndag 08. juni klokka 17.30-19.00 i Herøy kyrkje.
– Søndag 14. juni klokka 11 er det gudsteneste i Herøy kyrkje.

Tid og stad for dei i Indre Herøy og på Leikong
– Onsdag 10. og 17. juni klokka 1730-1900 i Indre Herøy kyrkje.
– Søndag 21. juni klokka 11 til gudsteneste i Leikanger kyrkje.

Påmelding til Karine (e-post til tru@heroy-kyrkje.no eller SMS til 47644292)

 

Kjære forelder!

Gje beskjed om barnet treng særskild tilrettelegging eller om de ikkje ynskjer at bilete av barnet skal brukast til presseomtale, internett eller brosjyre.

Meir informasjon om trusopplæringstiltaka våre finn du på www.heroy-kyrkje.no/trusopplaering/.

Hjarteleg velkomne!

Med vennleg helsing trusopplærar Karine Sæter og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo

 

Førsteklasseslogo