KJÆRE FØRSTEKLASSINGAR
Vi vil feire at du no i haust får byrje på skulen. Difor vil vi invitere deg til skulestart-samling i kyrkja. Vi skal leike litt saman, vi skal løyse oppgåver i ei aktivitetsbok som heiter «Alle gode ting», høyre forteljinga om Jesus i tempelet, vi snakkar om å byrje på skulen og om å vere vener. Cirka midt i samlinga tek vi oss ei lita pause for å få noko å spise/drikke.
Vi skal ha «Førsteklasses»-samling
i Herøy kyrkje: Torsdag 12.september kl. 17.00-18.30
Gudsteneste
Søndag 15.september feirer vi gudsteneste saman i Herøy kyrkje kl.11:00 for dei som tilhøyrer Herøy sokn. Gudsteneste blir det også i Leikanger kyrkje til same tid for dei som tilhøyrer Indre Herøy og Leikanger sokn.

Då syng vi songar vi har lært på samlinga, og du skal også få med deg aktivitetsboka heim. Sidan vi feirer skulestarten vil vi at alle som er med på «Førsteklasses» tek med seg skulesekken sin på gudstenesta. Har du ikkje moglegheit til å kome torsdag er du allikevel velkomen til Gudstenesta. Bok skal du få. 🙂
Påmelding til «Førsteklasses» kan du sende til karl.anders.brendmo@heroy-kyrkje.no
eller ringe dette nummeret: 70080260. Vil du gjøre det veldig enkelt, så kan du berre kommentere under her og melde på. Mogleg å melde på via SMS også. Nummeret er 99331667.