Home » Førsteklasses

Førsteklasses

Kjære deg som snart skal begynne på skulen. No er det ikkje lenge att!

Vi i kyrkja har lyst til å invitere deg på ein mini-skule i kyrkja. Vi møtast to gonger på ettermiddagen for å synge, høyre ein historie frå Bibelen og gjøre oppgåver saman. Siste gongen vi møtast skal vi feire at du snart skal byrje på skulen i ei gudsteneste. Da vil du få boka “Alle gode ting”. Vil du kome? 🙂

 

Tid og stad for dei i Ytre Herøy:
– Torsdag 12. og onsdag 18. mai klokka 17.45-19.00 i Herøy kyrkje.
– Søndag 22. mai klokka 11 er det gudsteneste i Herøy kyrkje.

Påmelding til Karine (tru@heroy-kyrkje.no) innan 9. mai.

Tid og stad for dei i Indre Herøy og på Leikong:
– Torsdag 19. og måndag 23. mai klokka 1745-1900 i Indre Herøy kyrkje.
– Søndag 29. mai klokka 11 til gudsteneste i Leikanger kyrkje.

Påmelding til Karine (tru@heroy-kyrkje.no) innan 13. mai.

 

Kjære forelder!

Gje beskjed om barnet treng særskild tilrettelegging eller om de ikkje ynskjer at bilete av barnet skal brukast til presseomtale, internett eller brosjyre.

Meir informasjon om trusopplæringstiltaka våre finn du på www.heroy-kyrkje.no/trusopplaering/.

Hjarteleg velkomne!

Med vennleg helsing trusopplærar Karine Sæter og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo

 

allegodeting-framside-bokmål