Home » FESTGUDSTENESTE MED KONFIRMANTAR

FESTGUDSTENESTE MED KONFIRMANTAR

Søndag er det ein stor dag for kyrkjelydane i Indre Herøy og Leikanger og ikkje minst for konfirmantane og familiane deira. Det er tid for festgudsteneste i Leikanger kyrkje. Gudstenesta er ikkje lenger ein test av kva konfirmantane kan, men det er ei flott markering av at konfirmantåret snart er over. Vi gler oss til å få vise fram alle dei flotte konfirmantane som høyrer til i Indre Herøy og Leikanger kyrkje. Dei vil ta del med ulike oppgåver i gudstenesta, som til dømes drama, tekstlesing og lystenning. Det er dessverre berre plass til 3 gjestar pr konfirmant som dei melder inn til oss på førehand. Det blir ikkje allsong på denne gudsteneste, men musikk og song ved band og songarar. Søndag er det også Gudsteneste i Herøy kyrkje, der det er dåp og vi ynskjer også velkomen til denne Gudstenesta der vi har plass til 100 med god avstand.Vi gler oss til søndag!