Fredag er det ein stor dag for kyrkjelyden i Herøy og ikkje minst for konfirmantane og familiane deira. Det er tid for festgudsteneste i Herøy kyrkje. Vi gler oss til å sjå konfirmantar med foreldre, fadrar og anna familie i tillegg til kyrkjelyden. Konfirmantane og vi gler oss til fredag. Det er mykje å sjå fram til.Gudstenesta er ikkje lenger ein test av kva konfirmantane kan, men det er ei flott markering av at konfirmantåret snart er over. Dei vil ta del med ulike oppgåver i gudstenesta, som til dømes drama, song, dans, musikk, tekstlesing og lystenning. Vi gler oss til fredag!
