Home » FESTGUDSTENESTE MED KONFIRMANTAR

FESTGUDSTENESTE MED KONFIRMANTAR

Fredag er det ein stor dag for kyrkjelydane i Indre Herøy og Leikanger og ikkje minst for konfirmantane og familiane deira. Det er tid for festgudsteneste i Leikanger og i Indre Herøy kyrkje. Festgudstenesta i Leikanger kyrkje er kl. 18.30 for dei som skal konfirmerast der. Konfirmantane frå Indre Herøy sokn har si festgudsteneste kl. 20.30.Gudstenesta er ikkje lenger ein test av kva konfirmantane kan, men det er ei flott markering av at konfirmantåret snart er over. Vi gler oss til å få vise fram alle dei flotte konfirmantane som høyrer til i Indre Herøy og Leikanger kyrkje. Dei vil ta del med ulike oppgåver i gudstenesta, som til dømes drama, tekstlesing og lystenning. Vi gler oss til fredag!