Home » FELLESMØTE I HERØY 19. – 22. Januar 2017

FELLESMØTE I HERØY 19. – 22. Januar 2017

Torsdag 19. januar i år kjem forfattar og forkynnar Arne G. Skagen frå Bergen til Fosnavågen for å delta på fellesmøta i Herøy. Frå torsdag og fram til søndag 22. Januar vert det fleire møte med Skagen.
– Når eg kjem til Herøy, vil eg dele ulike sider av kva det betyr å følgje Jesus, seier forfattar og forkynnar Arne G. Skagen.
– Når eg kjem til Herøy, vil eg dele ulike sider av kva det betyr å følgje Jesus. Korleis vi kan leve eit kvardagsliv i lys av misjonsbefalinga mellom anna. Eg gler meg til å komme til Sunnmøre, seier forfattar og forkynnar Arne G. Skagen.
Mykje av det han kjem til å snakke om, er også omtalt i boka han gav ut som heiter «Jeg fann jeg fann». Difor har også fellesmøta i år fått temaet «Eg fann eg fann». Det er Frikyrkja i Herøy, Den norske Kyrkja og pinseforsamlinga Sion Gurskøy som arrangerer desse møta 3. året på rad no.
Forventningsfulle
-Vi er forventningsfulle til årets fellesmøte, og håper mange vil komme og høyre på det Arne har å seie. Han har bakgrunn som ingeniør innanfor brann- og tryggleik, og arbeider no fulltid hjå stiftinga Kristens Nettverk, og dei driv arbeid både i Noreg og i andre land, fortel pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje.
Torsdag, fredag og laurdag kveld vert møta i frikyrkja. Fredag kveld vert det fredagstreff i Herøy kyrkje etter møtet i frikyrkja. Laurdag er det ungdomsarrangement i Frikyrkjekjellaren etter møtet der. Gudstenesta søndag vert i Herøy kyrkje der Arne G. Skagen talar.
Komitéen for fellesmøta i Herøy er: Erhard Hermansen, Øystein Nerland, Bodil Karin Kvalsund, Knut Magne Dalsbø, Roger Kvalsvik og Bjørn Leinebø.
Skattdeling og brubygging
– Vi vil dele den skatten vi har funne med andre og byggje fellesskap mellom forsamlingane, seier Øystein Nerland.
Bodil Karin Kvalsund legg til at komitéen håper å skape ei ramme som samlar både dei som kjem til kyrkja regelmessig og dei som er der litt meir uregelmessig.
– Vi har ein bodskap som vil kunne gje eit evig håp, og det er vårt oppdrag å dele, seier Roger Kvalsvik.