Søndag 8.januar kl 11, er det familiegudsteneste i Herøy kyrkje med dåp og markering av «Heilag tre kongers-dag». Gudstenesta vert avslutta med juletregang. Nokre jenter som går i 3.klasse vil synge for oss, og vi får kanskje besøk av tre vise menn ved denne gudstenesta også?
Vi håper at mange barn og vaksne møter ved denne familiegudstenesta og tar med julekaker til kyrkjekaffien etterpå i kyrkjekjellaren.
Heilag tre kongersdag, 6. januar, er ein av kyrkja sine eldste høgtidsdagar, og dagen vart knytta til vismennene fra Austerland som kom til Jesusbarnet med gåver.
I Norge har vi markert dette i den gudstenesta som kjem nærast opp til denne datoen.
Dette blir både sosialt og fint å vere med på, slik ei familiegudsteneste skal vere.
Det blir fleire medverkande ved denne gudstenesta, men vi nemner her berre sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og kantor Dag Johan Flattun.
Hjarteleg velkomen – frå heile Herøy!
