Home » Fasteaksjonen 2016

Fasteaksjonen 2016

Mat og prat Herøy 014Tysdag 15. mars får folk i Herøy høve til å støtte Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016. Då besøker konfirmantar, unge og vaksne frå Den Norske Kyrkja og Frikyrkja  alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.

Årets aksjon heiter “I kriser er vatn kritisk”. I fokus står Kirkens Nødhjelp sitt vannarbeid i katastrofar, og korleis klimaendringane skapar fleire og verre katastrofar. Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over hele verda, og vil mellom anna bidra til at organisasjonen raskt kan stille med reint vatn når katastrofen rammar.

Reint vatn reddar liv. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Støtta vår gjer at Kirkens Nødhjelp kan handle raskt og gjere ein best mogleg jobb. Difor håpar vi folk tar godt imot oss og har pengane klare når vi kjem med bøssene.

Folk her i Herøy viser eit imponerande engasjement i samband med aksjonen. I fjor vart det satt rekord på landsplan, med nær 37 millioner kroner. Det er inspirerande å sjå korleis både både unge og vaksne saman bidrar til å gjere ein skilnad for dei som treng det mest