
Evakueringsdagen
Dagen var for vår del nesten omme, når vi fekk beskjeden om at vi vart kalla tilbake til Noreg så fort som råd. Korleis held ein hovudet kaldt når ein har omlag 17 timar på seg til å skaffe billettar; forlate huset på ubestemt tid; pakke det aller mest nødvendige for eit Noregsopphald, og ikkje minst førebu ein nesten 3-åring neste morgon på å reise frå alle tinga sine og venene sine utan å seie farvel til nokon, utan noko forvarsel? Når Charlotte la seg på kvelden, var alt som normalt og ho såg fram til ein dag full av leik og moro. Men når ho vakna, fann ho ein forelder opptatt på telefon for å organisere billettar, medan den andre drog fram masse koffertar for å jakte på det vesle vi hadde igjen av vintertøy. Og plutseleg sat vi i bilen og hadde starta den 5 timar lange køyreturen til flyplassen. Alt hende så fort at vi ikkje ante kva vi hadde pakka i kofferten vår eingong. Vi var litt i sjokk, og kjente stor sorg over å måtte forlate alle kjente utan å kunne ta farvel. Tida var for knapp til det. Vi to vaksne kjente òg ei uro over turen, vi var ikkje trygge på at vi ikkje kom til å bli satt i karantene ein plass undervegs. Men takk Gud! Vi kom trygt fram på Nerlandsøya utan noko uventa undervegs! Ikkje eingong 10 minuttars forseinking. Det tok nok eit par dagar før vi to vaksne heilt klarte å få tunga rett i munnen, og forstå kva som eigentleg hadde hendt. Plutseleg vart heile framtida så usikker. Mens Charlotte tok det heile med ro, og syns det var eit stort eventyr. Så no kan vi altså legge «evakuering» til lista over ting vi har prøvd. Men det held med den eine gongen, det er vi einige om😊
Madagaskar
Vi rakk å vere 6 månadar på Madagaskar, og har fokusert mest på å lære oss det offisielle språket. Dette er ein viktig del av førebuinga for å kunne arbeide der. Etter eit år med språk, skal vi jobbe i eit prosjekt som lokalt blir kalla Fiaraha-miasa Lioka (FML), eller Lukas-prosjektet. Eg, Cecilie, skal blant anna undervise dei lokale bibelomsetjarane i bibelkultur, medan Stephen skal ha ei meir administrativ rolle. Det er dei som eig språket som må omsetje Bibelen, men med liten kunnskap på bibelbakgrunn er det ikkje alltid så lett å forstå det ein omset. Det er ikkje alltid kristne, eller lærde som gjer dette arbeidet. Det er så stort å kunne få noko skriftleg på sitt eige språk at til og med dei som ikkje er kristne vil vere med å omsetje Bibelen. Som de sikkert forstår, vil vi ikkje kunne vere veldig effektive i desse rollene dersom vi ikkje kan kommunisere med det lokale folket. Vi lærer oss det offisielle språket, som dei fleste der ute vil kunne forstå ein del av. Dette språket har allereie ein full Bibel som vi kan jobbe ut ifrå. Etter kvart må vi prøve å plukke opp meir av dei andre 17 språka som FML jobbar med.
Fordi vi er på forskjellig nivå språkmessig (eg hugsa mykje frå barndommen) får vi ein til ein undervisning. Mine timar er meir fokuserte inn mot bibelspråk, medan Steve må lære seg daglegtale fyrst. Men det er ikkje berre i klasserommet vi studerer, nei det er heile dagen, kvar gong vi går ut døra. Det var nok mest arbeid for Steve som ikkje hadde grunnlaget frå før, men vi følte begge to at det til tider var slitande å skulle være «på» heile tida med språklæring. Difor måtte vi også finne litt anna å gjere. Begge to har fått prøvd seg som engelsklærarar for vaksne, og eg også for born. Der vi studerer og bur, underviser dei i både engelsk, gassisk og fransk. Eg fekk god bruk for gassisken medan eg underviste i engelsk, spesielt med dei som var heilt nybegynnarar. I tillegg er det kjempegod trening for meg å undervise, slik at eg blir meir klar til neste år. Vi har også starta ei bibelgruppe på engelsk for dei som bur rundt oss, og det syns vi har vore veldig kjekt. Vi klarer ikkje å forstå ei heil preike i den gassiske kyrkja enda, berre stykkevis kva som blir sagt. Så det er viktig å få litt åndeleg påfyll der vi kan.
Sidan februar har vi fått øve oss på å køyre bil ein plass der alt og alle er i vegen, og ingen følger dei reglane vi er vande med😊Dette er spennande på alle måtar! Livet på Madagaskar er veldig annleis enn i Noreg, og det tok lang tid å finne seg til rette. Men eg trur i alle fall vi har lært å ikkje ta ting for gitt! Slik som straum, internett, reint drikkevatn, vaskemaskin, fersk mjølk etc.
Charlotte trengte mykje meir tid enn vi håpte på å føle seg heime, men for om lag 2 månadar sidan syns vi der var ei endring, og ho verkar plutseleg veldig glad og fornøgd.


Vegen under regntida Julafta på stranda
Kva no?
Kva skjer no tenker du? Var eventyret over? Nei, vi gir oss nok ikkje so lett! Vi er språkstudentar enda vi, men klasserommet er no flytta til Skype og Messenger. Det fungerer greitt nok, men at det har sine utfordringar å jobbe slik kan vi ikkje nekte for. Det er sjølvsagt ikkje ideelt for nokon å få livet snudd opp ned slik dei fleste har i desse dagar. Men på same tid er vi takksame for at vi kan halde fram med studia, til vi får klarsignal om å reise tilbake. For nokre år sidan hadde vi nok ikkje kunne jobba fjernt slik som no. I tillegg til å fortsette med språk skal vi òg etter kvart sette oss inn i dei forskjellige dataprogramma som vi treng når vi er ferdige med språkstudiet. Dette er ei perfekt moglegheit til å gjere slikt arbeid.
Mange misjonærar i Noreg er no perimiterte. Vi håpar at det er noko vi kan unngå. Vi føler enda at det er på Madagaskar vi skal vere og vi vil unngå å måtte starte på nytt med språk når vi ein dag får reise ut att. Bibelen på folk sitt morsmål blir ikkje mindre viktig i vanskeleg tider, og vi brenn for at fleire på Madagaskar og rundt om i verda skal få moglegheit til å forstå Guds Ord på eit språk som står dei nær. Som utsendingar av Wycliffe Norge er vi lønna ut ifrå gåver frå enkeltpersonar og kyrkjer. Dersom du har lyst å vere med å støtte arbeidet ved å verte givar kan du nytte deg denne linken, eller ta kontakt med Herøy Kyrkje for informasjon om andre måtar å gi på.
Vi gler oss til å møte familie, vener og kjente når det blir mulig. Inntil den tid håper, og ber vi om at alle får vere friske og at alle klarer å halde motet oppe. Eit godt ord for meg no er frå 2.Timoteus 1:7. «For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.»
Vennleg helsing
Cecilie og Stephen Thomas

