Home » Familiegudsteneste og 4 årssamling i Herøy kyrkje

Familiegudsteneste og 4 årssamling i Herøy kyrkje

Onsdag 23.09 kl. 17.00-1830 inviterer Herøy sokn til samling for 4 åringar i høve utdeling av bok på familiegudstenesta til helga. Boka heiter Mi kyrkjebok. På samlinga blir det pølse med brød og saft til alle, det blir undretur i kyrkja og vi skal øve inn to songar som vi skal syngje på gudstenesta. Påmelding innan 22.09 til tlf 70080260.

Søndag 27.09 inviterer vi til familiegudsteneste i Herøy kyrkje. 4- åringane frå Herøy skal få bok. Familiegudsteneste betyr ikkje at det berre er ei gudsteneste for born, nei, her er det plass til alle uansett alder. Vi håper å sjå både unge og eldre til kyrkje den søndagen. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi.

Velkomen!

Mi kyrkjebok 4