Herøy: Søndag 15.mai blir det felles Familiegudsteneste ute på Herøy gamle kyrkjestad.Vi markerer opninga av pilegrimsstien på øya. Herøy gamle kyrkjestad er pilegrimsmålet på nøkkelstaden Herøy i høve Kystpilegrimsleia, slik det har vore pilegrimsmål for seglande og gåande i hundrevis av år.
Søndag feirer vi ei kort familiegudsteneste på den gamle kyrkjestaden der folk har gått ut og inn i den gamle Mariakyrkja som sto der i 800 år frå 1150. Vi kjenner på historiens sus samtidig som at vi feirer ei kort gudsteneste med songar og melodier for i dag.
Dette er ei felles gudsteneste for alle dei tre sokna i Herøy for Den Norske Kyrkje. Etter gudstenesta tar vi kyrkjekaffien i tunet på Herøy gard. Kystmuseum held ope. Der er det mogleg å kjøpe kaffe, vafler osb.
Ein kan gjerne leike på tunet. Museet har styltrer, kubb og reie som fritt kan nyttast.
Kyrkjekaffien skjer parallellt med at det vert høve for at ein kan gå gruppevis eller to og to og teste ut pilegrimsstien på øya. Meir om dette ved avsluttinga av gudstenesta.
Med på arrangementet vert prost Ingeborg Martre, fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo, organist Dag Johan Flattun og klokkar Ingrid Warholm m.fl. Det vert ikkje sett opp transport, men alle må kome seg dit enten ved gange, sykkel, båt eller bil (parkeringsplasen ved Lanternen på Jensholmen eller på Nautøya).
Når det gjeld veret, så er det litt spanande. Museet gjer klart med langbord i naustet og sjøbua, slik at folk har eit alternativ inne dersom det er kaldt og surt. Vi kler oss godt, og nyt nokre timar ute saman med folk frå heile Herøy. Alle er hjarteleg velkomne.
Arrangørane er Indre Herøy sokneråd, Leikanger sokneråd, KRIK Familie og Herøy sokneråd i samarbeid med Herøy kystmuseum.

