Søndag føremiddag vert det ei opa dåpsgudsteneste i Leikanger kyrkje. Det er fortsatt slik at vi ikkje kan vere så mange tilstades i gudstenestene, og det er difor ikkje plass til fleire enn 50. Vi held fortsatt på god avstand og elles godt smittevern i alle våre gudstenester. Fleire dåpsfamilier har valgt å utsetje dåpen, men fleire ser no at det er betre å gjennomføre dåpen før barnet veks ut av dåpskjolen og heller utsetje selskapet. Det kan også vere fleire grunner for det eine eller det andre valet når det gjeld dåp. Vi i kyrkja er glad for alle som veljer dåp for sitt barn, og vi gjer det vi kan for å legge til rette for det i denne coronatida også.
Søndag kveld skal vi ha ei lukka festgudsteneste med konfirmantar i aksjon. Dette vert ei gudsteneste for og med konfirmantane. Denne gudstenesta er vanlegvis for konfirmantar og deira næraste. Vi har difor valgt å streama festgudstenesta til berre konfirmantens familiar.
Det er mogleg å finne tidlegare sendte andakter og kveldsbøner frå dei lokale kyrkjene ved å søke opp ei av dei lokale kyrkjene på facebook, eller ved å gå inn på nettsida: www.heroy-kyrkje.no. Elles viser vi til NRK sitt tilbod om gudsteneste på søndag.
Arr. Den Norske Kyrkja i Herøy
