Home » Britisk stjerneorganist til Herøy

Britisk stjerneorganist til Herøy

Den engelske konsertorganisten Stephen Farr kjem til Herøy 11. juli for å halde konsert i Herøy kyrkje. Han er konsertorganist med lang fartstid, og plateinnspelingar bak seg. Han er ein av dei yngste som nokon gong har motteke støtte frå Grevinnen av Münsters musikkfond. Han har og i ung alder vunne fleire internasjonale konkurransar i solistisk orgelspel, og opptrer regelmessig på britisk kringkasting. Fleire britiske komponistar i samtida nyttar han til urframføring av sine verk. I herøy skal han halde ein rikhaldig og variert konsert med musikk frå den tyske høgbarokken av J.S. Bach, frå den franske klassisismen ved De-Grigny og Couperin, romantikken ved Mendelssohn og Vierne og frå det 20. århundre ved Dupre, Durufle og Messiaen. Dette programmet summerer opp orgelmusikken frå dei siste tre hundre åra. Vonar alle musikkelskarar har høve og lyst til å kome til ein unik orgelkonsert med ein internasjonal utøvar i stjerneklasse.