Brandalskoret og ”protestlege”
i Herøy kyrkje komande søndag
Brandalskoret kjem til Herøy kyrkje søndag kveld. Det er eit livskraftig blandakor heimehøyrande på Brandal og sist haust feira dei 20 år med stor jubileumskonsert på Sjøborg i Ulsteinvik. Koret har 45 songarar, Trond Bigset er styreleiar og Ingrid Remø, med djupe røter i Herøy, er dirigent.
”Protestlegen” og Heidersprisvinnaren Egil Romslo Schistad kjem også til kveldsmessa. I samtale med Jens Terje Johnsen vil han m.a. fortelje kvifor han slo alarm om pasientbehandlinga på sjukehuset på Åse, om kva ein oppvekst i ein kristen heim har hatt å seie for livet hans og om når det er mest gjevande å vere lege.
Det blir som vanleg mykje salmesong i kveldsmessa som vert avslutta med nattverd. Etterpå er det lang kyrkjekaffi på kyrkjetorget.
