Home » BØNETRE I HERØY KYRKJE

BØNETRE I HERØY KYRKJE

272Vi går til helga inn i fastetida og det vil vi markere med eit bønetre bakerst i kyrkjeromet. Her kan man velje ein eller fleire trådar i regnbogens fargar, be ei bøn og knyte dei opp i treet.

På plakaten attmed er det skrive bøner for kvar av fargane, der vi lyfter fram ein kvardagshelt frå kirkens nødhjelp sitt arbeid. Menneske som gjer ein imponerande innsats, lokalt og globalt. Handling og bøn skal bli eitt.

Bønetreet skal minne oss om at vi er ein del av ei global kyrkje og at vi har eit ansvar for å be for våre sysken og deira kvardag.

Gjennom fastetida vil treet bli fullt av trådar i alle regnbogens fargar.