«Rev. John» spelar solokonsert i Herøy Kyrkje torsdag kveld, 20. oktober. “Rev. John” er pastoren som vart omvend til bluesen og som sidan har opptrådd like naturleg på bluesklubbar og pubar som i kyrkjer og bedehus. (“Reverend” er den engelske/amerikanske yrkestittelen for pastorer.) No er «Rev. John» plateaktuell med nytt album som heiter «Strange Things» – “The Blues According to Rev. John”.
Ved konserten i Herøy Kyrkje vil Rev. John spele eit repertoar både frå det nye albumet – og fra tidlegere utgjevingar.
«Rev. John» – alias Jon Ultvedt – er opprinneleg frå Halden, og har budd mange år i Skien. Han har vore ein del av bluesmiljøet i Telemark, og er fast inventar på Notodden bluesfestival. For nokre år sidan flytta han til Mysen i Indre Østfold. Forutan å vere soloartist er han frontmannen i bandet med samme navn – «Rev. John» som du kan lese meir om på heimesida www.johnbluesband.no.
«Rev. John» har mellom anna samarbeida tidlegare med Herøys nye sokneprest Solfrid Leinebø Seljås om bluesgudstenester, og ho anbefaler blueskonserten varmt til alle som liker god og svingande musikk.
Dette er eit av arangementa i temakveldane som vi kallar “Torsdag i kyrkja”.
Halvtimen før vert det servert ein kaffikopp på kyrkjetorget.
Arrangør er kulturutvalet for Den Norske Kyrkje i Herøy.
