
Velkomen til “Samling med Tidebøn” rundt altaret på den gamle kyrkjestaden på øya Herøy, kvar onsdag i sommar kl 18.00-18.25. Alle er velkomne! Nokre lurer kanskje på kva dette er? Til det får vi berre seie, kom og opplev! Her er likevel ei tekst som skildrar noko av bakgrunnen for tilbodet om tidebøn: Kveldssamling med tidebøn er eit tilbod i
Read more…

Nye konfirmantarTysdag 6.juni var det informasjonsmøte i Herøy kyrkje for komande kyrkjelege konfirmantar med føresette, frå alle tre sokna: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn. Mange møtte, og fleire påmeldingar har vi fått. Vi vil likevel berre minne om at det er lurt å melde seg på snart til nytt konfirmantår til Herøy kyrkjekontor. I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om
Read more…

Søndag 11.juni kl 19.00 er du velkomen til SONGGUDSTENESTE i Indre Herøy kyrkje som er ei god og intim kyrkje å vere i. Prest Kjell-Roger Isene leier denne litt kortare kveldsgudstenesta med vekt på songen. Bibeltekstene handlar om dåpen og kjærleiken. Det er ei glede å fortelle at Atle Hovden Havåg er tilbake på orgelkrakken. Han spelar også like gjerne
Read more…
NYE KONFIRMANTAR – Informasjonsmøter i dag 06.juni Ungdomane er inviterte med føresette til informasjonsmøte om konfirmantåret 2023/2024, i Herøy kyrkje tysdag 6.juni kl 18.00 og kl 20.00, dvs dei kan velje eit av klokkesletta. På møtet vil det bli informert om dei ulike tilboda og aktivitetane vi har i løpet av konfirmantåret, viktige datoar, korleis ein kan melde seg på
Read more…

Vi feira pinse med to vielser på laurdagen, to festgudstenester på 1.pinsedag, ein orgelkonsert på kvelden 1.pinsedag og ei felles familiegudsteneste/ein pinsefest på 2.pinsedag på Kjeldsund med fokus på Talsmannen som kom til jord. No går vi inn i juni med eit variert kyrkjeprogram for sommaren også. Stand på Sommarfesten og Storfamiliegudsteneste på utescenaVi gleder oss over «Sommarfesten i Fosnavåg»
Read more…

Tysdag 6.juni er komande kyrkjelege konfirmantar inviterte til eit informasjonsmøte i Herøy kyrkje. Kanskje kjenner du som les dette ein 8.klassing som er nysgjerrig på korleis det er å vere konfirmant i kyrkja? Tips dei gjerne om informasjonsmøtet. I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om seg sjølv og den kristne trua? Informasjonsmøtet vert felles for Herøy kyrkje,
Read more…

Orgelkonsert i Herøy kyrkje med musikk av Cesar Franck.Den Belgisk-franske komponisten hadde 200 årsjubileum i 2022. Den var planlagt markert i Herøy kyrkje med ein orgelkonsert med kantor Dag Johan Flattun i April, men den vart flytta for å gje rom for Sunnmøre mannskor sin turnering. Søndag 28.mai er den nye datoen for konserten. Her vil det verte presentert eit
Read more…

Gudsteneste med 50-årskonfirmantar og søndagsskuleSøndag 21.mai kl 11 vert det gudsteneste i Herøy kyrkje, ei felles gudsteneste for heile Herøy. Dei som vart konfirmerte i 1973 i Herøy kyrkje er spesielt inviterte til denne gudstenesta. Mange av dei er påmeld og fleire kjem reisande langvegs frå for å vere med på jubileet. Dei vil bli presenterte i gudstenesta. Elles får
Read more…

På søndag klokka 11 er det kjekt å kunne melde om at det blir søndagsskule igjen. Beathe Carita Myklebust er superklar og håper mange vil kome. Vi gler oss! Alle er hjarteleg velkomen.