Home » KRIK

KRIK

KRIK-Trening i Herøyhallen

Onsdagar kl. 20-21 er det trening i Herøyhallen, Bergsøy. Her er det aktivitetar som fotball, badminton, innebandy, volleyball og handball. Felles pause, “midt i”, med andakt.

KRIK i hallen er plassen for deg som er 8.klassing eller eldre, og som synest det er kjekt å vere med på passeleg seriøs idrettsaktivitet i fellesskap med andre.

 

KRIK Villmark

KRIK Villmark samlast i friluft. På kortare eller lenger turar og gjennom både litt utfordrande og meir rolege aktivitetar opplever vi naturen rundt oss i fellesskap med andre. Undervegs delar vi eit Gudsord. Nokre av turane er lagde opp med tanke på at heile familien kan vere med, andre er for dei som likar litt meir fart og spenning…

Husk:

Vi bur der vi bur. Ta difor gjerne med ein liten sekk med ein ekstra genser, huve og vottar. Ellers kan varmt undertøy, vind- og vasstette ytterklede og godt fottøy vere bokstaveleg tala “hotte tips”…

 

Program KRIK Villmark vår 2017

 

Trykk på bilete for å forstørre det.

Sjå www.facebook.com/KrikHeroy for fleire detaljar om programmet.

 

“For i han er det vi lever og rører oss og er til…” (Apg 17,28)

KRIK er ein stad for folk som likar å bevege seg saman, enten ein er eller har vore aktiv idrettsutøvar eller berre er ein glad mosjonist. KRIK HERØY er eit tverrkyrkjeleg kristent arbeid.

Aldersgrense: 8.klasse og oppover – heilt til 100.

 

KRIK Trening:

Geir Myksvoll Lande, tlf. 90781848

KRIK Villmark:

Marcus Johannessen, tlf. 95857339

Facebook

For oppdatert informasjon og nyhende:

www.facebook.com/KrikHeroy