Home » “Agent for rettferdighet” i fastetida!

“Agent for rettferdighet” i fastetida!

«Agent for rettferdighet» i fastetida!

Kyrkjene i Herøy inviterer alle som er fødd i 2007 til å være «Agentar for rettferdighet!». Agentane møtast i nærleiken av skulane i Herøy (på bedehus, i kyrkjene og på grendahus), og samlast 3-4 gonger før påske. Her får du høyre forteljingar frå Bibelen, vere ilag med andre agentar, leike og lære litt om den tida vi i kyrkja kallar for fastetida.

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) i Stokksund
Tysdagar i veke 7, 9 og 11 kl.14:00-16:00 i Indre Herøy kyrkje.

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) på Moltu
Tysdagar i veke 7, 9 og 10 kl.17:30-19:30 på Moltu Bedehus

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) på Leikong
Måndagar i veke 7, 9 og 11 kl.13:45-15:45 på Leikong grendahus.

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) ved Møre skule
Torsdag 08.februar kl.12:45-15:00
Måndag 05.mars     kl.13:40- 15:30
Torsdag 08.mars     kl.12:45- 15:00

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) Einedalen skule
Onsdagar i veke 7, 9, 10 og 11 kl. 13:30-15:00 på Frøystad bedehus.

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) ved Nerlandsøy skule.
Onsdagar i veke 7, 9, 10 og 11 kl. 13:00-15:00 på Frøystad bedehus.
OBS! Samlinga for 5.klassingar på Nerlandsøy skule vert slått saman med samlingane for 5.klassingar ved Einedalen skule. Kyrkja ordnar med skyss til og frå Frøystad bedehus.

Samlingar for 5.klassingar (fødd 2007) ved Bergsøy skule.
Torsdagar i veke 7, 9 og 11 kl. 14:15-16:00 i Herøy kyrkje

Fasteaksjonen 20.mars 2018
Agentar som ønskjer det kan vere med å gå som bøsseberarar under Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp (saman med ein føresett).

 Påmelding
Påmelding til «Agent for rettferdighet» kan gjerast enten ved å sende ein e-post til tru@heroy-kyrkje.no eller på telefon: 70080267 til Elise Frøyen innan torsdag 08.februar.
Det vert enkel matservering (brødmat og frukt) på samlingane. Påmeldingsinformasjon vi treng: Namn på agent, eventuelle allergiar eller behov for tilrettelegging, namn på føresette og telefonnummer/e-post. Gje gjerne beskjed om de vil vere med å gå med bøsser under Fasteaksjonen også.

Illustrasjonsfoto: Kirkens Nødhjelp