Åge Remøy er samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Han er ein av mange på Remøya som tidleg satsa på sjøen. I dag er han øvste leiar for Rem Offshore og han kan sjå tilbake på ein eventyrleg suksess innan oljebransjen når han i dag sit som eigar av eit tjuetal hypermoderne offshoreskip. Åge Remøy er 65 år og har nettopp kunngjort at han trekkjer seg tilbake som toppsjef i reiarlaget.
Søndag kveld i Herøy kyrkje blir han utfordra av Norunn Stendal Aksnes til å fortelje om kva suksess og nedgongstider gjer med ein bedriftsleiar med ansvar for 600 tilsette og ei omsetjing på over ein milliard kroner.
Volda Mannskor er musikalske gjester i kveldsmessa. Dei er bortimot 40 medlemmer og kjem til å høyrast godt i Herøykatedralen. Dirigert er Ivar Hagen.
Bjørn Leinebø er liturg, Dag Johan Flattun er organist og Gunnar Sævik leier kveldsmessa.