Torsdag 1. oktober kl.17.00-1830 blir det samling for 4 åringar i høve utdeling av bok på familiegudstenesta til helga. Boka heiter Mi kyrkjebok. På samlinga blir det pølse med brød og saft til alle, det blir undretur i kyrkja og vi skal øve inn ei song som vi skal syngje på gudstenesta. Påmelding innan 30.09 til tru@heroy-kyrkje.no eller tlf 70080260.
Søndag 4. oktober inviterer vi til familiegudsteneste i Indre Herøy kyrkje. 4- åringane frå Indre Herøy og frå Leikong skal få bok. Familiegudsteneste betyr ikkje at det berre er ei gudsteneste for born, nei, her er det plass til alle uansett alder. Vi håper å sjå både unge og eldre til kyrkje den søndagen.
Velkomen!