Archive for January, 2019

SYNG MED OSS – 03.februar 2019

Sjømannskyrkja inviterer til “Syng med oss” i Herøy kyrkje 03.februar kl.18:00. Velkomen!

KYRKJEBASAR – 02.februar 2019

Kyrkjeforeiningane i Herøy kyrkje inviterer til kyrkjebasar laurdag 02.februar kl.13:00. Basaren er i Herøy kyrkje, og det vert både song, andakt, loddsal, aresal og sal av mat og kaffi.

BISKOP FRÅ HUNDEIDVIKA i Herøy kyrkje søndag 27.januar kl.11:00

Den første biskopen på 50 år som snakkar sunnmørsdialekt blir å høyre i Herøy kyrkje søndag føremiddag. Jan Otto Myrseth vart vigsla til biskop i Tunsberg sist haust. Han er fødd og oppvaksen i Hundeidvika, og ikkje sidan Monrad Norderval var bisp i Nord Hålogaland på 60-talet har kyrkja hatt ein biskop som snakkar sunnmøring..Myrseth er samtalegjest under gudstenesta i
Read more…

Søndagsskule den 13.01

Elise Frøyen er klar til å ha søndagsskule på søndag i Herøy Kyrkje frå cirka klokka 11.20. Vel møtt! 🙂

Tårnagentgudsteneste

På søndag i Leikanger kyrkje er det familiegudsteneste med barnedåp, song av tårnagentane og utdeling av boka Skatten i Liljedal til alle 3 klassingar i Indre Herøy og Leikanger sokn. Forbønene på denne gudstenesta er laga av tårnagentane. Etter Gudstenesta blir det kyrkjekaffi med mykje godt å ete og drikke. Alle er hjarteleg velkomne.