Archive for March, 2017

BARNEKOR TIL BARNAS MISJONSDAG

Alle gutar og jenter frå 1 til 7 klasse er velkomne til øving  onsdag 29.03 i Herøy Kyrkje. Dette er eit nyoppstarta prosjektkor der vi skal øve til barnas misjonsdag i Herøy Kyrkje på søndag den 02.04. Gler oss til å sjå og høyre dykk.

Me treng ein vasstett plan

Har du opplevd at vatnet i heimen blir borte? Millionar av menneske lever eit heilt liv utan reint vatn. Det kan du gjere noko med. Bli med og bygg brønnar, og sett våre leiarar til ansvar, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje. Millionar av menneske må drikke skittent vatn kvar dag.
Read more…

Statistikk for kyrkjene i Herøy 2016

Håper å feire 50 år med rekordinnsamling

Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Noreg, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030. Den 4. april skal konfirmantar frå Herøy Frikyrkje og Den norske Kyrkje gjere sitt bidrag når Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp feirar 50 år. I fjor kom det inn 34 millionar kroner
Read more…

Kveldsmesse på søndag kl. 19.00

Irene Krokeide Alnes kjem til Herøy søndag kveld. Ho er invitert som samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje. Irene Krokeide Alnes er eine halvparten av “Marit og Irene”, songduoen som har tråla bedehus-Norge i over 40 år. Saman med Marit Stokken har Irene reist som songevangelist for Indremisjonsforbundet, og store deler av det lågkyrkjelege kristenfolket i Norge kjenner stemmen hennar
Read more…